Blanda utslag på helse og trivsel for OD-studentar

Nyleg blei resultata for studentane si helse og trivsel-undersøking (SHoT) lagt fram for 2018. Studiedekanane meiner undersøkinga er ei god rettleiing for kva fakultetet må arbeide meir med og kva tiltak som bør vidareførast.

Det er fire år sida siste SHoT. Undersøkinga gjennomførast på oppdrag frå studentsamskipnadene SiT, SiO og Sammen, og det Folkehelseinstituttet står for gjennomføringa.

Resultatet for undersøkinga, som blei gjort i vår, viser mellom anna at fakultetet scorer negativt på mobbing og korleis studiet er strukturert på, samanlikna med dei andre fakulteta og nasjonalt. Samstundes er tala positive når det kjem til låg grad av å kjenne seg einsam, og vurdering av sin eigen helsetilstand og livskvalitet, samanlikna med dei andre fakulteta og nasjonalt.

Les meir frå resultata

  • UiOs infoside om SHoT med lenke til rapportene, både UiO-tall og nasjonal rapport
    (for OD må de sjå på «UiO-rapport med fakultetstall» )
  • Nettsak om dei overordna tala:SHoT 2018: Studentene forteller om helse og trivsel
  • Rektorbloggen:SHot 2018: UiO skal bli et enda tryggere og vennligere sted

Læringsmiljøet svært viktig

– Vi tar desse tala på det største alvor, og har allereie begynt å sjå på kva vi kan gjere med at ein så stor del av våre studentar opplever mobbing. Det skal ikkje forekomme, seier studiedekan Alix Young Vik.

– Samstundes er det óg mykje positivt i desse resultata, som vi må ta til oss, og ikkje minst med oss i det kontinuerlige arbeidet vi gjør for at studentane skal ha best mulig læringsmiljø mens dei utdanner seg hos oss.

Utvalget for undersøkinga er alle kunder hos Lånekassa som er fulltidsstudentar og som er under 35 år. Ved Det odontologiske fakultet betyr det dei aller fleste studentane, frå begge av studieprogramma. 118 av fakultetet sine studentar svarte på undersøkinga i år.

Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 11. sep. 2018 15:47 - Sist endret 6. apr. 2022 14:41