Fridom til å vere kreativ og engasjert

Å jobbe som forskar er å forskyve grensene for vår kunnskap, seier forsker Håvard Haugen ved Institutt for klinisk odontologi.

Kva forskar du på akkurat nå?

Eg har fleire prosjekter på gang, men det som tar den største andelen av tid, fokus og interesse akkurat nå er utviklinga av nye bengraftsmaterialer og modifisering av dentale implantatoverflater.

Det finnast mange ulike syntetiske materialar som kan bli brukt til og lage vekststativ for bein. Titan dioksid (TiO2) vart valt i dette prosjektet, då det er bevist at dette materialet fyller mange av funksjonane som krevjast. Eit av dei store problema til slike materialar har vore den mekaniske styrken. Dette har òg vore problemet hjå titan dioksid. 

 Vekststativa som blir laga i dette prosjektet har ein kompresjonsstyrke på heile 2.5 MPa samstundes som porøsitet er på over 85%, og liknar mykje på strukturen til frisk trabekulært bein. Desse ultraporøse vekststativa er biokompatible, og celler som veks inni desse strukturane har generelt lågare cytotoxicitet og høgare proliferation enn andre vekststativ på marknaden.  Det er også bevist at våre titan dioksid vekststativ har høgare porøsitet, overflate-til-volum høve og interkonnektive porar samanlikna med kommersielle vekststativ som finnast i klinikken i (BoneCeramic and BioOss®). Vårt titan dioksid vekststativ er òg testa i kanin- og grisestudiar med særs lovande resultat.

 

Kva er din motivasjon for å drive med forsking?

Eg er stort sett nysgjerrig på ting og veit at for alle spørsmål og problemstillingar så finnast det svar sjølv i dei meste kompliserte tilfella. Å jobbe som forskar er å forskyve grensene for vår kunnskap.Fridomen til å tenke nytt og utanfor av boksen, og vere kreativ og engasjert er noko som eg tykkjer er best med denne jobben. Ein må vere førebudd på at forsking ikkje er ein 9-17 jobb, det er ein livsstil, og periodevis kan man bli besett av den.   

 

Korleis forgår forskinga?

Det mest av forskinga er prøving og feiling. Vi testar ut ulike hypotesar og forkastar dei like fort.  Ein må ha ein god porsjon med tolmod, då det kan ofte vere langt mellom framstega. Biomaterialforsking er litt spesielt på grunn av det tverrfaglige miljøet. Hos oss har vi ei flott blanding av tannleger, biologer, fysikarar, kjemikarar, ingeniørar, og frå heile 13 ulike nasjonar.

 

Kva slags nytte kan man ha av denne forskinga?

Biomaterialforsking, meir bestemt implantatforskinga, har absolutt stor nytte.  Nytteverdien for denne type forskinga ligger i å svare på både medisinske og estetiske behov som pasientar måtte ha.  I tillegg er det uhyre interessant å skape materialar som vi bestemmer eigenskapane til, - og som vi kan variere-, for å få kroppen til å reagere på en bestemt måte.  Det er vanskelig og utfordrande sidan det fremdeles er mye vi ikkje vet om korleis kroppen vår fungerer.  

 

Kor hentar du idear og problemstillingar frå?

Idear dukkar opp når som helst, kor som helst, etter å ha lest en publikasjon, delteke på ei konferanse eller mens eg joggar ein tur. Problemet er eigentleg ikkje å finne nye idear, men å vite applisere dei.

 

Kva ser du som utfordringa for ditt forskingsfelt framover?

Beingraftsmaterial-forskinga er enno i startgropa, og det finnst ikkje gode nok graftsmaterialar til store beindefektar som er under belastning. Eg trur at mykje vil skje her. Både med nye materialar, men og med innfelling av biologiske komponentar slik som vekstfaktorar og stamceller, vil det kome mykje nytt. Utfordringa, trur eg, er å kunne lage produkt som skal passe alle pasienttypar og få desse nyvinningane til å ha langtidsuksess på ei større pasientgruppe. Biomaterialforsking tiltrekker seg meir og meir interesse, og innanfor nye områder der ein ikkje har lykkast med andre terapiar.

Publisert 30. okt. 2012 13:00 - Sist endret 30. okt. 2012 13:22