Ultraporøse,permanente vekststativ for beinregenerering

Avdeling for Biomaterialer og Klinisk Forskningslaboratorium har utvikla ultraporøse og mekanisk sterke vekststativ for bein celler som har visst særs gode resultat båe i in vivo og in vitro forsøk

Oestoblastar (beinceller) som veks inne i titandioksid vekststativ

Vekststativ blir brukt i ”bone tissue engineering” for å reparere og gjenskape bein. Vekststativ blir brukt i mange ulike prosedyrar innan oro-maxillofasial og ortopedisk kirurgi som krevjar at bein skal lækjast, til dømes beintap ved skade, svulstar og resorpsjon på grunn av betennelse. Dei tredimensjonale eigenskapane til desse vekststativ spelar ei viktig rolle i korleis ein kan styre nydanning av bein og til slutt ein vellukka integrasjon mellom veksstativet og beinvevet.

Dei to hovudgrunnane til å nytte vekststativ er for å skape eit miljø for beintilheling og samtidig gje skjelettet mekanisk støtte under denne prosessen. I dag er det dominerande alternativet til pasienten sitt eige bein (auto-transplantat) vore donert bein frå andre pasientar eller andre arter (dyr). Det finnast risiko for smitteoverføring og immunologiske responsar når ein hentar bein frå ein donor. Difor må slikt bein gå igjennom ein omstendeleg vaskeprosedyre for at transplantatet skal væra sikkert at nytta. Ein slik vaskeprosess minskar vesentleg dei beindannande eigenskapane til transplantatet. I tillegg har det den siste tida vore ei aukande mangel på donorar. Det er difor eit stigande behov for syntetiske vekststativ for nydanning av bein.

Det finnast mange ulike syntetiske materialar som kan bli brukt til å lage vekststativ for bein. Titandioksid (TiO2) vart valt i dette prosjektet då det ein veit at dette materialet fyller mange av funksjonane som krevjast. Eit av dei store problema til slike materialar har vore den mekaniske styrken. Dette har òg vore problemet hjå titandioksid. Vår forskning har vist at det er mogleg å produsere vekststativ av reint titandioksid med tilstrekkeleg mekanisk styre. Vekststativa som blir laga i dette prosjektet har ein kompresjon-styrke på heile 2.5 MPa samstundes som at porøsiteten er over 85%, og liknar mykje på strukturen til frisk trabekulært bein. Desse ultraporøse vekststativa er biokompatible og celler som veks inni desse strukturane har generelt lågare cytotoxicitet og høgare proliferation enn andre vekststativ på marknaden. Det er også bevist at våre titan dioksid vekststativ har høgare porøsitet, overflate-til-volum høve og interkonnektive porar samanlikna med kommersielle vekststativ som finnast i klinikken. Våre titandioksid vekststativ er òg testa i kanin og grisestudiar med særs lovande resultat.

Dette prosjektet har motteke stønad frå EU sitt Eureka-Eurostar program.

Tekst: Håvard Haugen

For engelsk versjon

Publisert 14. nov. 2010 11:18 - Sist endret 14. nov. 2010 15:09