Ein internasjonal Instagramambassadør for studentkvardagen på OD

- Eg trur eg er med på å gje eit litt anna bilete av odontologifaget enn den skumle tannlegen.

Studenten ved en bod

Foto: Safiyye Süslü ( privat).

 Tannlegestudent Isanullah Khan Khattak har ein travel kvardag. Ikkje berre er han student på eitt av dei hardaste studieprogramma i Noreg: Han driv dessutan ein instagramkonto som har over 17 000 følgarar.

I feel good

Eventyret begynte i 2017. Isanullah laga nokre videoar på Snapchat om livet som tannlegestudent, og nokre vennar tipsa om at han burde prøve Instagram. Den gongen hadde ikkje Isanullah, eller Isa blant vennar, ein instagramkonto, og då kontoen @dentalstudentskhan vart oppretta, var publikum ei beskjeden samling på rundt tretti studiekameratar frå same kull.

- Ingen rundt meg trudde at dette kom til å verte noko, og det trudde eg ikkje sjølv heller. Den første posten min på instagram var ein video av to protesar som dansa og song til sangen «I feel good». Den vart plukka opp av ein konto som heiter @dentalstudentthread, og deretter vart den reposta av ei av dei største kontoane i tannlegeverda, @Identistry. Og så var det i gang.

 

 

- I starten var det berre på gøy. Eg har alltid likt å teikne, og eg er veldig glad i å redigere. Det var ein hobby, og det er det framleis, sjølv om det tek mykje meir tid no. Etter kvart som kontoen vaks, har eg måtta tenke på mange nye ting.

Vil oppmuntre medstudentar

Ei av drivkreftene til Isanullah er dei mange tannlegestudentane verda over som følger kontoen, og som kjenner seg igjen i dei kvardagslege situasjonane han legg ut.

- Tannlegestudiet er stressande. Det er sanninga, men eg prøver å få fram sanninga på ein morosam måte. Eg er oppteken av at kontoen skal vere ekte, og det vil seie ikkje perfekt: Til dømes har eg ein post som handlar om å setje bedøving for første gong. Eg skjelv på handa, og er stressa. Sånn er det – folk er stressa når dei skal setje sin første anestesi. Alle er det. Og eg trur at det er derfor folk har tillit til kontoen min: Eg fortel om det ekte, uperfekte.

- Eg får så mykje meldingar. Folk fortel meg om alt mogleg. No nettopp fekk eg ei melding frå ei dame som strauk i protetikk, og var lei seg. Ein annan fortalte at mor hans døydde, og han var trist fordi ho ikkje fekk sjå diplomen hans for at han hadde gjennomført tannlegestudiet.

Eg delte ein post om mental helse for ikkje så lenge sidan, og den traff mange. Som tannlege kjem me òg til å møte pasientar i mange ulike situasjonar, som fortel oss ting. Eg trur dette er noko det er viktig å vere obs på som tannlege.

Bildet kan inneholde: font.

 

Formidle odontologifaget

Bildet kan inneholde: nakke.
Viss ein pasient har tannlegeskrekk, eller når ein behandler barn, er det fort gjort å berre trekkje fram ei sprøyte. For meg er det ein heilt vanleg ting, men for pasienten kan det sjå veldig skummelt ut.

Humor er ein veldig viktig ingrediens i postane på @dentalstudentskhan. Dei aller fleste postane er morsomme, men dei har samtidig ei djupare meining.

- Må tenkje over kva eg legg ut

Etter kvart som kontoen vaks, merka Isanullah at han tenkte meir på kva han posta.

- Det eg legg ut, vert jo spreidd til veldig mange. Det har gjort at eg tenkjer meg ekstra om før eg legg ut noko. Eg vil ikkje at profilen skal vere ukritisk, men eg vil formidle eventuelle vanskelege ting på ein måte som ikkje heller bensin på bålet. Til dømes kan det å verte vurdert på om ein er skikka til å vere tannlege, vere vanskeleg for mange. Eg har ein video med ei streng instruktørtannlege som noterer hardt på blokka si når studenten ikkje gjer som han skal - det er ein måte å vise korleis dette kan opplevast.

Ein av instruktørtannlegane på fakultetet har vore ekstra viktig for Isanullah.

- Ole Morten Kullbraaten har vore kul og støtta meg heile tida. Eg trur ikkje han sjølv tenkjer at han har gjort så mykje, men for meg har han vore veldig viktig.  Eg traff mor hans på forskningstorget, og ho sa «Er det han kreative»? Det var veldig hyggeleg at han har fortalt om meg.

Men det er ikkje berre Instruktørtannlegen som betyr noko for Isanullah, for Kullbraathen har berre gode ord å seie om studenten sin:

- Isanullah har hjulpet meg med ein eksamensfilm i rettleiingspedagogikk. Han er eineståande kreativ! Rolletolkninga i filmen var særs bra og evna til å opptre truverdig imponerte meg. Gjennom Instagramkontoen sprer han humor og glede. Han inspirerer andre studentar. Det er viktig for miljøet!

 

Fort gjort å avvise sosiale medier

Det er fort gjort å avvise sosiale medier som uviktig. Men mange kontoar får stor tyding.

- Nokre gonger tenkjer eg: Er dette sant?  Det er litt utruleg. Postane mine når veldig langt. Eg får bilete av studentar frå mange land som fortel at bileta mine vert brukt i undervisning der.

Men det er ikkje berre på tannlegestudiar at bileta til Isanullah kan kome til nytte:

 Eg har og vorte kontakta av humanitære organisasjonar som spør om dei kan bruke bileta mine i tannhelsearbeid til barn, eller vaksne analfabetar. Eg har til dømes teikningar som illustrerer korleis bedøving virker: At tennene «sovner», og så kan ein bore i dei utan at dei kjenner noko.

Jobbtilbod

Isanullah er ferdig på tannlegestudiet våren 2020. Då skal han ut i jobblivet, kor mange jobbtilbod allreie ventar.

-.Ein måte å bruke det eg har bygt opp gjennom denne kontoen, er å starte ein organisasjon for tannhelsehjelp 

Konto for medstudentar over heile verda

Instagramkontoen har naturleg nok flest følgarar i Oslo. Deretter følger USA og India.

- Eg prøver å få til ein konto der folk kan gå for å verte motivert, og mindre stressa. Målet mitt er å vise at tannlegestudiet er veldig bra, at folk skal få lyst til å verte tannlegar og at dei som er tannlegestudentar skal greie å gjennomføre studiet sjølv om det er stressande. Folk ser på kontoen min og ser at det ikkje berre er eg som har det ille, og det hjelper.  Her om dagen var det ein som sa til meg at når han er nede, går han inn på kontoen min og ser. Sånne ting vert eg glad av!

- For er det ein ting som er viktig for meg å få seie til følgjarane mine, så er det at eg er særs takksam for at eg får vera student akkurat ved Det odontologiske fakultet her i Oslo, seier Isanullah heilt til slutt. 

Av Inger Størseth Haarr
Publisert 28. okt. 2019 13:59 - Sist endret 31. okt. 2019 10:02