Studentemokrati ved fakultetet

Engasjer deg i studentpolitikken og påverk korleis universitetet bør vere i framtida! Studentar ved fakultetet er representerte i fleire uval og organ på fakultetet

Fakultetsstyret

Fakultetsstyret er det øvste organet på fakultetet. Det odontologiske fakultets Studentutval (OSU) er det øvste studentutvalet på fakultetet. OSU har tre representantar i Fakultetsstyret og som fremjar studentane sine interesser.

Programutval

Programutval for studium og studieprogram (PSS) og Programutval for forsking og forskarutdanning (PFF) er oppnemnde av fakultetsstyret og er representerte med høvesvis 3 og 1 studentrepresentant. 

Lokale arbeidsmiljøutval

Fakultetet har eitt arbeidsmiljøutval på kvar av institutta og eitt på fakultetsnivå. Studentane er representerte i alle utval. Arbeidsmiljøutval er partsamansette utval som skal verke for gjennomføringa av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Studentane har ei særleg oppgåve i saker som handlar om læringssaker.

Publisert 5. okt. 2010 19:52 - Sist endra 17. jan. 2011 10:23