Heidra med prisar under landsmøtet

Tilsette frå fleire av avdelingane ved fakultetet bidrog sterkt til det faglege programmet under landsmøtet i år. Nokre vart dessutan heidra med staselege prisar.

Bente Brokstad Herlofson frå Avdeling for oral kirurgi og oral medisin fekk pris for beste oversiktsartikkel frå NTF sitt tidsskrift Tidende. Foto: Den norske tannlegeforening/Tonje Camacho.

2. - 4. november var Noregs Varemesse på Lillestrøm fylt til randa av utstillarar, deltakarar, forelesarar og andre bidragsytarar innanfor tannlege- og tannpleiarfaget. Meir enn tjue tilsette ved Det odontologiske fakultet (OD) bidrog til det faglege programmet på landsmøtet til Den norske tannlegeforening (NTF).

I tillegg til eit spekka fagprogram var det som vanleg og plass til litt pomp og prakt, da NTF og tidsskriftet Tidende delte ut sine årlege prisar.

Beste oversiktsartikkel

Bente Brokstad Herlofson, førsteamanuensis ved Avdeling for oral kirugi og oral medisin, vart tildelt prisen for beste oversiktsartikkel i Tidende: «Medikamentrelatert osteonekrose i kjevene. Del 1: Oversikt og retningslinjer». Herlofson tok imot prisen saman med medforfattar Jørgen Helgevold, på vegne av alle forfattarane (Cecilia Larsson Wexell, Sven Erik Nørholt, Morten Schiødt). Juryen grunngir tildelinga med at «Artikkelen er omfattende og gir en oversikt over tilstandens årsaker, konsekvenser og behandling, både hva allmennpraktikere bør og kan gjøre, og hva som er spesialistbehandling. Den er rikt illustrert med gode kliniske fotos og røntgenbilder»

Pris for undervisning og forsking

Anders Verket, førsteamanuensis ved Avdeling for periodonti, vart tildelt NTF sin pris for undervisning og forsking. Dette er ein pris NTF deler ut årleg for å fremje odontologisk undervisning og forsking, og understreke betydninga av tilstrekkeleg rekruttering til vitskapelege stillingar ved de odontologiske lærestadane. Om tildelinga, skriv juryen at dei priser Verket «den kvalitet og originalitet han har vist i sin forskning, og for å ha dokumentert publisering i tidsskrifter med høy impact factor». Dessutan falt valet på Verket for «hans innsats som foreleser og instruktør for tannpleiere, for studenter på grunnutdanningen og i spesialistutdanningen».

Studentpresentasjoner

Tidlegare OD-student, Safiye Süslü, presenterte si masteroppgåve på landsmøtet. Foto: Den norske tannlegeforening/Tonje Camacho.

Tradisjonen tro fekk nokre studentar og tre inn i rampelyset på landsmøtet, nemleg dei som vart utpekt som vinnarar av dei beste masteroppgåvene ved dei tre ulike lærestadane. Studentane deltok med posterar og presenterte sine prosjekt på «torget» på messa.

Frå OD var det dei tidlegare studentane Sara-Emilie Løvik og Karen Stevning, og Safiye Süslü som presenterte sine masterprosjektar for eit stort og oppvakt publikum.

Ein jury valde vinnaren av studentforskerprisen til NTF, basert på aktualitet, fagleg relevans, originalitet og munnleg presentasjon. Temaene for masteroppgåvene favna vidt og konkurrasnen var skarp. Til sist var det eit av masterprosjekta frå Universitetet i Tromsø som vann prisen.


Landsmøte

 

Emneord: landsmøte, NTF, tannlegeforeningen Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 7. nov. 2017 16:47 - Sist endret 4. feb. 2022 12:15