Lys, is og kunnskap i Botanisk hage

Fleire tusen - barn, vaksne og firbeinte - nytta høvet torsdag 15. februar til å vandre ein runde i Botanisk hage, omgitt av odontologisk og anna livsvitskapeleg kunnskap.

Et barn står og holder oppå en plasttann like stor som barnet, som lyser opp i rosa

Ei tann like stor som eit barn, lyste opp i forskjellige fargar ved posten til Det odontologiske fakultet. Foto: ©OD,UiO/Hilde Zwaig Kolstad.

I laupet av to timar fyltest Botanisk hage med tusenvis av besøkjande som var nyfikne på kva kunnskap dei ulike postane frå UiO kunne by på. Arrangementet markerte slutten av Livsvitskapskonferansen.

Bahriye Nur Koca og Arsalan Qayoom, 8.-semesterstudentar ved tannlegeutdanninga, stod saman med instruktørtannlegane Morten Hanstad og Martin Hoftvedt, ved fakultetet si post. Der fortalte dei om ising i tenna og korleis bakterier gjør at vi kan få karies. 

Det var «stinn brakke» i over to timar av interesserte vaksne, ungdom, barn og gamle, som blei vist kunnskapen gjennom ein stor kjevemodell. Dei som turte kunne og få prøve om dei fekk ising i tenna ved å tygge på knust is. Ei diger lyasande tann i forskjellige fargar sette og tydeleg merke på kva slags fakultet som haldt til ved posten.

 

Det er fyrste gongen UiO arrangerer lysvandring under livsvitskapsfestivalen. Nesten 3000 var innom Botanisk hage dei to timane ho vart arrangert.

 

Lysvandring
Emneord: livsvitenskap Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 16. feb. 2018 14:46 - Sist endret 16. feb. 2018 18:24