Ny forskingsklinikk på Institutt for klinisk odontologi

Det odontologiske fakultet har fått sin eigen forskingsklinikk. Klinikken har allereie vore brukt til klinisk forskning, mellom anna på munntørrheit.

Gruppe mennesker i gang, mann i tannlegefrakk snakker

Instituttleiar Jan Eirik Ellingsen opna den nye forskingsklinikken. Foto: Simen Øvergaard, OD/UiO

"Sammenlignende erfaring er en absolutt betingelse for den eksperimentelle og vitenskapelige medisin, ellers vandrer legen på måfå og blir offer for tusen illusjoner."

Slik innleia instituttleiar Jan Eirik Ellingsen opninga av den nye forskingsklinikken ved Institutt for klinisk odontologi. Sitatet er henta frå 1800tals-biologen Claude Bernard, og det gjeld framleis i dag, fortsette Ellingsen:

- Kliniske studiar er viktige både for pasientane og for tannhelsepersonellet, og fører ofte til nye prosedyrar for behandling. I klinisk forsking kan me utvikle og etterprøve prosedyrar, slik at me har dokumentert effekten av den behandlinga som seinare vert tilbydd til pasientane.

Onsdag 14. mars vart klinikken offisielt opna med kaker og omvising.

Allereie brukt til klinisk forsking på munntørrheit

Eit forskingsprosjekt i regi av Munntørrhetklinikken har allereie teke i bruk den nye forskingsklinikken. Dei har nettopp avslutta ei undersøking i samarbeid med Oslo universitetssjukehus, der dei undersøkte slimhinner, tenner, spyttsekresjon og smak og luktfunksjon hos 30 pasientar som er ramma av hovud- og halskreft. Ein del av behandlinga av denne krefttypen er stråling, og strålinga treff òg spyttkjertlane. Dette kan øydelegge kjertlane, og føre til munntørrheit.

Gruppebilde av tre tannleger rundt tannlegestol
Målet er å utføre meir klinisk forsking, seier instituttleiar Jan Eirik Ellingsen. Professorane Alix Young Vik og Janicke Liaaen Jensen er allereie i gang. Foto: Simen Øvergaard, OD/UiO

Strengare krav til forskinga

Det er eit mål for fakultetet å gjere meir klinisk forsking, seier Ellingsen, og alt ligg til rette:

- Me har kompetanse både på forsking og klinisk arbeid. Våre tilsette er utdanna og har erfaring med å planlegge og gjennomføre kliniske studiar. Dessutan har me dyktige klinikarar som kan gjennomføre den praktiske behandlinga i ein klinisk studie. Me har vårt eige kliniske forskingslaboratorium, der me kan gjennomføre ei rekkje analysar av prøvar frå dei kliniske studiane, og me har landets største odontologiske klinikk med 50 000 pasientbesøk i året. Alt dette gjer at me har eit stort potensiale for klinisk forsking, og dette potensialet kan me no, med den nye klinikken, utnytte enno meir.

Samtidig vert krava til denne type forsking strengare. Mange av dei beste vitskaplege tidsskrifta vurderer ikkje artiklar som ikkje er utførte i tråd med nye standardar for klinisk forsking, og med mindre forskinga er registrert i internasjonale forskingsregister. Desse registra stiller òg krav til korleis forskinga skal vere utført.

- Forskarane våre har gjennomført Good Clinical Practice-kurs, der dei vert oppdaterte på dei nyaste krava. Og med den nye klinikken har me fått på plass fasilitetar som er i tråd med slike retningslinjer for klinisk forsking, seier instituttleiar Ellingsen.

Gruppe av mennesker foran blåmalt vegg. I fokus: mann i tannlegefrakk som smiler
Instituttleiar Jan Eirik Ellingsen er nøgd med å ha fått på plass ein eigen forskingsklinikk ved fakultetet. Foto: Simen Øvergaard, OD/UiO

Mykje for lite

Den nye klinikken er finansiert av midlar frå Eigedomsavdelinga ved UiO.

- Det opphavlege målet var at forskingsklinikken skulle ha ein eigen tilsett med oppdatert kompetanse på retningslinjer for klinisk forsking. Men økonomien på fakultetet er pressa.

Nettopp derfor er instituttleiaren ekstra nøgd med å ha fått på plass den nye klinikken med små midlar:

- Kontorsjef ved instituttet, Elisabeth Aks, og leiar av dentalverkstaden, Kjell Skaar, har vore viktige for dette prosjektet. Saman har dei gjort at me har fått veldig mykje for lite. Dei har funne gamle møblar, og sett saman nye tannlegestolar av delar frå stolar som har vore øydelagde. Dette er ein unik klinikk på mange måtar, avsluttar Ellingsen.

Bord med kaker og frukt, åpen dør til rom med tannlegestol og kvinne i samtale med noen utenfor bildet
Den nye forskingsklinikken har to behandlingsrom og eitt samtalerom der forskarane kan ta i mot pasientar. Foto: Simen Øvergaard, OD/UiO
Publisert 19. mars 2019 15:48 - Sist endret 20. mars 2019 12:24