- Samhandling er nøkkelen til betre munnhelse for eldre

På frukostmøte om eldres munnhelse var det einigheit om at samhandling er viktig for at eldre skal få den oppfølginga dei har krav på.

Panelet på litteraturhusets scene

Frå venstre: Anne Moen (MED), Jannicke Liaaen Jensen (OD), Helene Sandvig, Pernille Bruusgard, Lene Hystad Hove, Linda Hildegaard Bergersen. Ordstyrer: Astrid Skiftesvik Bjørkeng. Spørsmålsstillar er høgrepolitikar James Stove Lorentzen. Foto: Fredrik Pedersen, OD/UiO

Fakultetet hadde invitert helsejournalist Helene Sandvig, overlege Pernille Bruusgaard og professor Anne Moen. Dessutan deltok førsteamanuensis Lene Hystad Hove og professor Jannicke Liaaen Jensen, og forskningsdekan og professor Linda Hildegard Bergersen.

- Pusser dei ikkje tennene hans?

- Når me vert gamle og skrøpelege, har me ikkje stemme til å stå på barrikadane lenger. Derfor kjenner eg at dette er viktig for meg å snakke om, sa Helene Sandvig. - Både på vegne av pappaen min, men òg for alle framtidige eldre.

Sandvig var invitert av fakultetet for å belyse viktigheiten av eldres munnhelse. I boka "Et langsomt farvel" skriv ho om erfaringane med farens alzheimersjukdom.

- Åtte veker etter at pappa kom på sjukeheim, datt den første tanna ut. "Pusser dei ikkje tennene hans?" tenkte eg, men det spørsmålet var så banalt at eg aldri greidde å stille det. Seinare såg eg i journalen at det var vanskeleg for personalet på sjukeheimen å kome til for å få pussa tennene til pappa - han var ein stolt mann, og det er vanskeleg å sleppe folk så langt inn i intimsonen.

Bildet kan inneholde: Offentlig taler, Presentasjon, Begivenhet, Lesing, Akademisk konferanse.
Helene Sandvig fortalte om sjukdomshistoria til sin far. Foto: Fredrik Pedersen, OD/UiO

- Må sjå heile pasienten

I innleiinga si trekte dekan Pål Barkvoll fram at det vert fleire eldre.

- Me som utdanningsinstitusjon må møte denne utviklinga på ein måte som både er berekraftig og til det beste for pasienten. Alle delar av helsevesenet må oppfatte munnhola som ein del av kroppen. Om ein får sjukdom og skade inni munnen, kjem ein ofte dårlegare ut enn om sjukdom og skade skulle skje andre stader på kroppen. Både lovverk og organisering av helsevesenet er annleis når det gjeld munnhola. Me som tannhelseprofesjon må òg sjå heile pasientet, ikkje berre ei munnhole på to bein.

Både dekan Pål Barkvoll og professor Anne Moen trekte fram SAMPRAKS som eit tiltak som må vidareførast og utvidast. Barkvoll nemnte òg at fakultetet har teke inn sjukepleiarstudentar i praksis som eit døme på ein måte å dele kunnskap.

Overmedisinering

Overlege Pernille Bruusgaard snakka om overmedisinering av eldre.

- Eldre har særs lange medisinlister. Når me vert eldre, pådrar me oss fleire sjukdommar og symptom. Eldre begynner å gå til fleire leger; fastlegen, legevaktslege, dei vert innlagde på sjukehus.. Dei vert stadig behandla for nye sjukdommar, som har eigne behandlingsregime. Dermed vert det vanskelegare å evaluere effekten medisinen har på sjukdommane. Til slutt er det usikkert kva ein behandlar: eigne tilstandar, eller biverknader av dei andre medisinane.

Sjå heile frukostmøtet i opptak på Universitetet i Oslo sin youtube-kanal.

Publisert 13. juni 2019 11:11 - Sist endret 13. juni 2019 12:25